«Ogrebs openbaring» av Jørn Kurt Bergo

Arbeidsvisning

Fredag 23. oktober 2020

Jørn Kurt Bergo Privat

Foto: Jørn Kurt Bergo

Ein mann får ein invitasjon han ikkje vil ha, men går likevel. Litt etter litt blir han innrullert i det fellesskapet han så nidkjært har freista unngå. Tilværet er ikkje noko å ta lett på. Mellom barken og veden er det trongt. Og bakom alt lurar døden.

Skuespillere: Endre Hellestveit, Evelyn Rasmussen Osazuwa, Anne Kokkin, Martin Lotherington og Kadir Talabani.

Jørn Kurt Bergo (1973) bur i Ulvik i og har skrive manuskript til fleire kortfilmar, mellom anna manuskriptet «Kjøttsår», som vart nominert til Gullpalmen for beste kortfilm i Cannes i 2011.

Arrangementet er gratis.

NB: Av omsyn til smittevern er det 40 tilgjengelege billettar til dette arrangementet. Alle gjestar må reservere individuelle billettar og registrere seg i Hoopla. Ein kan ikkje bestille billettar til andre enn seg sjølv.

Kalender