Yngve Sundvor 2066 - atter ein konge

Lyd av vind og ein hest som forsvinn i det fjerne. Brage børstar sand av hatten mens han speidar etter lyden. Litt røyk stig opp frå eit bål. Sverre rotar litt i oska. Sverre tar opp ein liten bit av ei side.

SVERRE:
Skal vi ri etter?

BRAGE:
Nei. Det der var berre ein amatør som fekk panikk.

SVERRE:
Står med ei halv bokside som er svidd i kantane. 

Får du aldri lyst til å lesa litt?

BRAGE:
Nei.

SVERRE:
Kvifor ikkje?

BRAGE:
Fordi det er ulovleg.

SVERRE:
Jo, men..

BRAGE:
Og fordi det er jobben vår å destruere det.

SVERRE:
Jo jo.
Men bortsett frå det? Du har lest litt?
-
Trur du eg tystar på deg?
Vi er jo født nysgjerrig. Det ligg i menneskets natur.. Dessverre.
Mange sagn fortel om fantastiske oppfinningar, menneskeliknande maskiner, ting som flaug i lufta, alt mulig..

BRAGE:
Eventyr. Propaganda.

SVERRE:
Det fantes ting som kunne fly.

BRAGE: Eventyr.

SVERRE:
Eventyr? Fornektar du det du sjølv har opplevd som barn?

BRAGE:
Ja, har eg opplevd det, eller har det blitt meg fortald? Alt er så lenge sidan, og ingen veit heilt sikkert kva som er sant.
-
Joda, folk kjem stadig over skrot og bøker som hevdar dei mest utrulege ting, men kven veit? Kan ein vita nokon ting heilt sikkert? Dessutan; det har ingenting å seie, vi byggjer eit nytt samfunn, heilt frå grunnen av..

SVERRE:
Det må då vel vere lov å prate om det? Sjølv om det ikkje er lov? Vi er jo venner? -
Er vi ikkje venner?
Vi er jo familie?

BRAGE:
Eg har eit bilde.

SVERRE:
Ja, vi lagar oss bilde av det som var.

BRAGE:
Nei. Eg har eit bilde. Av mor mi. Og meg.

SVERRE:
Nei?

BRAGE:
Han tar etter noko inn forbi skjorta og gir det til Sverre.

Her.

SVERRE:
Har du hatt det alltid?

BRAGE:
Nei.
Det er frå ei avis vi brann.

SVERRE:
Så du rekk å lese litt før du tenner på?

BRAGE:
Kanskje.

SVERRE:
Eg visste det.
-
Har du tatt vare på meir? Du har tuska til deg litt, ikkje sant? Kom igjen, no snakkar vi. Som venner.
Har du tatt vare på meir?

BRAGE:
Om så var?

SVERRE:
Har du?

BRAGE:
Nei.

Stille.

SVERRE:
Så om eg såg i saltaska di, så ville eg ikkje finne noko?

BRAGE:
Nei.

SVERRE:
Så då kan eg vel få sjå, då?

BRAGE:
Nei.

Stille.

BRAGE:
La oss dra.

SVERRE:
Pustar tungt ut.

Kongen bevare oss.