Eirik Fauske Hundrevis av barn i vill kamp

Om teksten

  • Målgruppe: Barn
  • Karakterer: 1 + stemmer
  • Antall sider: 48
  • Urpremiere: Kilden teater, 5.9.2020

GUTTEN:
dette er meg

som fell

gjennom lufta

eg er berre ein prikk

som fell

gjennom luft

og ned

og ned

uæææææ

uæææææ

fy fy fy

det bles

det er ein storm her

det er vindkast her


fytti fytti fytti


og eg fell

som stein

mot eit hav

mammaaaaa 

pappaaaaa


uææææææææ 

det brakar og smell der nede

eg ser ting glimtar der nede

det er ein krig der nede

det er eit skip der nede

det er ein kamp der nede

det er små prikkar som meg

som spring rundt på dekk

dei sloss

dei kjempar

no kjem eg! 

eg skal vere med!

eg skal vere med!

gi meg eit sverd!

gi meg eit sverd!

en garde!