Mari Hesjedal Kunsten å se

Om teksten

  • Målgruppe: Voksne, Ungdom
  • Karakterer: 2 / valgfritt
  • Antall sider: 37
  • Urpremiere: 02.06.2022, Festspillene i Bergen

Når byrja menneska å gråte?
Var det då kontinenta lausna og flaut frå kvarandre, eller når isen smelta etter istida? Var det då dei for fyste gong såg ei nyfødd skilpadde krype mot havet, eller når månen ein heilt vanleg torsdags kveld kraup opp over horisonten og sa: Eg vil alltid finnast.

Det finst sommarfuglar som stel tårer for å overleve. Lett set dei seg på nakken til sovande fuglar, og like varsamt stikk dei sugesnabelen sin inn i augekroken deira for å forsyne seg. Og slik er det kanskje. At om ein ikkje har eigne tårer, må ein få dei frå ein stad, må ein få dei dei frå nokon andre.



Ei sommarfuglvenge slår sakte i lufta.


Vi let dråpar frå havet renne gjennom oss.