Mari Hesjedal Mot regn

Om teksten

  • Målgruppe: Voksne
  • Karakterer: 12
  • Antall sider: 67

JENTA UTAN KROPP:
Sjå!
DEN GRAVIDE KVINNA føder.
Ho føder eit barn.
Ho føder eit skrikande barn.
Ho føder ein gummibåt. Ein kano, ei kanon.
Den gravide kvinna føder hundre barn. Hovne i andletet. Raude i huda. Nokre blå.
Den gravide kvinna føder to tusen skrikande ungar.
Ho føder tre tusen nakne porselensdokker.
Ho føder sjølvhjelpsbøker, redningsvestar, livbøyer.
Ho føder vikingskip og satellittar.
Ho føder alt dette
og ingen ting.
Ingen ting kan måle seg med dette.

TORA:
Her, ta teppet mitt.

DEN GRAVIDE KVINNA:
Takk.

GUTEN MED VÅPEN TIL ARMAR:
Har du eitt til?

TORA:
Verda har funne meg.
(hysj vennen, hysj, hysj, hysj)
Ho står i døra, vil flytte inn i tankane mine og bli der. Ho legg seg inn under huda mi, klamrar seg til meg gjennom dagar og netter. Og det er regn og gråt i alle kanalar. I leilegheita over, ute i gangen, nede på gata. Barnet, radioen, laptopen... Utanfor har folk byrja å samle seg, folk som treng. Jamt tilsig. Dei renn nedover gatene, langs vegane, opp trappene, inn dørene.
Vatnet stig. Bølgjeskvulp midt på veggen. Ein buss kjem flytande forbi. Som ein trebit, eit blad, ei plastflaske. Som taket på ein ubåt som skal dukke nedi og forsvinne. – Og folk sit på taket, utan våpen, utan vestar, utan val. Tett. Ved sida av kvarandre.
Det var stille. Men no...
Utanfor ropar dei.
Me har ingen ting. De har alt.
Me har ingen ting. De har alt.
Og folk strekker hendene sine mot vindaugo, når snart opp, ser at eg står her i joggebukse, har ikkje fått dusja, barnet treng ny bleie. No skrik ho igjen.
Eller er det berre regnet? Innbilling. Trommer og bass.
Snart skal me ikkje høyre anna enn vatn.
Alt flyt. Alt flyt omkring, alt er vatn, alt flytande.
Og barnet ropar: Eg er alt!
Kavar og sparkar.
Eg er alt!