Mari Hesjedal Sov ikkje

Om teksten

  • Målgruppe: Voksne
  • Karakterer: 11
  • Antall sider: 82
  • Urpremiere: 05.09.21, Det Norske Teatret

EG
Kan eg spørje deg om noko?

FRISØREN
Du kunne bli fin med mørkare hår.

EG
Ser det ut som eg, korleis skal eg seie det...

FRISØREN
Har du prøvd å ha det slik nokon gong?

EG
Er det noko ved meg som verkar annleis synest du?

FRISØREN
Korleis då?

EG
Som om noko har skjedd.

FRISØREN
Med deg?

///

POLITIET
Var du saman med henne natt til onsdag?

EG
Ho låg ved sida av meg. Me låg vakne heile natta.

POLITIET
Sa ho noko? Sa ho noko til deg som antyda at ho hadde planar om å reise nokon stad? Er det grunn til å tru at ho ville bort frå deg?

EG
Nei.

POLITIET
Og du? Kva med deg?