Meir hest enn kjepp

Intervju 04.03.2026 av Adam Tumidajewicz
Eirikfauske web

Eirik Fauske har jobbet hardt som husdramatikar. No skal han ha arbeidsvisning på sin nye tekst «Ville kjepphestar».

Med blikket på sin eigen dotters kjepphest hengande på veggen, skreiv Eirik Fauske ut ein scenetekst ifrå spørsmålet om kva slags liv den kjepphesten har. Resultatet vart teksten «Ville kjepphestar».

– Altså. Det er jo heilt sjukt at det går an å ri på hestar, ler Eirik Fauske.

Vi sit på Dramatikkens hus, mens Eirik er midt i verkstadsarbeidet. Den erfarne dramatikaren har med seg Claire deWangen som verkstadsleiar og skal snart ha arbeidsvisning på teksten «Ville kjepphestar». Ein kunne beskrive stemninga som spent, eller leiken til og med.

– Det er alltid slik når vi snakkar om eit stykke som er under utvikling. Eg veit ikkje kva det blir, og eg er jo i verkstadsmodus, så eg er litt spent på kva dette vil gje meg, innrømmer han.

Idéen til stykket kom til han i haust.

– Det byrja med at eg fekk for meg at ein kjepphest trudde den var ein ordentleg hest. Det kom fram nokre morosame ting i den skrivinga som eg hadde lyst til å finne meir ut av, forteller husdramatikaren.

Resultatet er førebels ein bunke sider, men ambisjonane er større. Gjennom verkstaden, og påfølgande arbeidsvisning på fredag, skal kjepphesten få bein å gå på.

– Eg vil jo at det skal bli eit stort materiale, eigentleg. Det handlar jo òg om jenta som eig denne kjepphesten.

– Ho er kanskjer for stor til å ha ein kjepphest, eller er ho det? Samstundes har kjepphesten sitt eige indre liv. Den lengtar tilbake til gamle dagar i Gudbrandsdalen, då hestar var nyttige dyr – ikkje som no, seier Fauske.

I «Ville kjepphestar» får vi sjå verda gjennom auga til denne kjepphesten. Det er bursdagsfest i heimen, familien er samla, andre barn er med - eit ganske stimulerande miljø for ein kjepphest, altså.

– Det hender jo i teksten at kjepphesten lurer på kven som har putta kjeppen på han. Men den lev sitt liv, som ein ordentleg hest i eit bursdagsselskap. Plutseleg finn den på å leggje seg ned i tre timar for å ete på eit browniepapir, fortell Fauske

Eirik Fauske har hatt som mål å leite etter en form som fungerar, og i rolla som husdramatiker har han hatt spesielt god tid til å pusse på evnane til å skriva for barn og ungdom. Kva slags form får denne teksten?

– Det blir ikkje ein monolog i alle fall! Det er ein bestefar der inne, og kanskje nokon stel kjepphesten og forvandlar han til noko anna – det kan jo sjåast på som ein slags tortur. Ein dement bestefar som fabulerer om gamle dagar. Eg prøver å gjere dette til ei rik verd, kanskje putte inn noko song, legger han til.

– Det er ein heilt spesiell arbeidsform å lage noko til å vise fram ein nesten ferdig tekst. Målet er å produsere masse den veka. Det er fire personar på scena, veldig flotte skodespelarar. Eg håpar vi får presentert 45 minutt med moro.

Karriera til Fauske har spent over ei mengd ulike roller, både som regissør, produsent og dramatiker, og ikkje ofte med yngre publikum for øyet. Tida som husdramatikar på Dramatikkens hus har gjeve tid til å lykkast med sjangeren.

– Å verta husdramatikar har laga ei ramme rundt skrivinga og gjeve meg moglegheiter til å sparre med folk. Eg trur ikkje eg hadde fått eit såpass stort fokus på å skrive for barn og unge om eg ikkje hadde vore her under paraplyen deira.

Samstundes som han arbeider med kjepphesten, har han òg andre ting på gang. Barneteksten «Dei som aldri døyr» har urpremiere i Sverige om ei veke, og han har nyleg fått vite at den fyrste barneteksten hans, «Under barnehagen», får ny premiere i Tyskland i mars.

– «Dei som aldri døyr» har meir spenning og mystikk. Dette her er villare, meir syrete på ein måte. Det kan bli ein road trip, det kan bli ein trip på ein eller annan måte, det kan dukke opp einhjørningar, ler han.

Arbeidsvisninga på «Ville kjepphestar» finner stad på fredag 6. mars klokken 14:00.