– Eg har valt å vera ulydig!

02.10.2025
Magnus foto1

Dramatikar Magnus Sundgot, atter ein gong i egnande omgjevnader.

Magnus Sundgot har skrive det han kallar ein "Church yard love comedy". No innbyr han til arbeidsvisning på "Sakna er stilla" ved Oslo teatersenter.

Korleis har ein teiknspråktolk frå Vestlandet kome seg til Dramatikkens hus med eit ferskt manus, klart for arbeidsvisning?

– Min opphavlege utdanning er som teiknspråktolk. Eg har alltid likt å skriva, og hadde lyst til å skriva noko på teiknspråk. Mitt første manus var ein novellefilm, LARS, som vart produsert av Døves Media i 2022, og det gav meirsmak på skrivinga.

– Dette prosjektet oppstod opphavleg som ein søknad til skrivekonkurranse hos Teater Manu. Eg kom ikkje vidare frå første runde..., fortel Magnus.

Og han fortel at det opphavleg ikkje var nokon draum om å verta dramatikar som sådan, men den sjølvlærde manusforfattaren vart oppmuntra inn i rolla.

– ... men tidlegare kunstnarisk leiar ved Dramatikkens hus, Line Rosvoll, var i juryen, og ho fortalde meg at eg burde utvikla idéen vidare.

– Eg har skrive ein del småting innanfor drama tidlegare, men dette er mitt første ordentlege dramatikarprosjekt. Eg har skrive intenst på dette sidan januar 2024. Eg fekk skrivestøtte frå DRH, fekk pengar og drog til hytta på Sunnmøre i fjor sommar, og koste meg veldig med skrivinga, seier Sundgot.

For høvet har Magnus verkeleg teke seg tid til å spreia vengene og vera kreativ med språket.

– Det har vore veldig gøy å skriva sidan eg har kunna leika så mykje med språket. Med andre prosjekt har eg jobba innanfor visse rammer. Men i teateret kan ein vera verkeleg rampete, spesielt i høve til språk. Eg har leika med plutselige skift i språkform, spesielt med teatralsk språk. Eg synest det er fint at noko kan vera svulstig eller teatralsk, men i filmbransjen er «teatralsk språk» eit skjellsord.

– Eg har leika veldig med teksten og tekstens uttrykk. Eg har blanda teiknspråk-gramatikk og nynorsk. Eg har skrive ord som ikkje er lov til å skriva på nynorsk, som til dømes «nu» berre fordi det rimar på «bu», ler Magnus.

– Eg har valt å vera ulydig mot nynorskordboka!

Magnus foto2

Magnus stilte opp på bilete i Grønland kyrkje.

Ei rampete prestegjerning

«Sakna er stilla» handlar om kyrkjetenaren Lyder og presten Eyolf, som gjennom dette til dels prosaiske dramaet freistar å finna saman, trass i omgjevnadene og situasjonen dei befinner seg i.

– Dei har opplevd mykje, dei er på ein stad i livet der dei er veldig desperate. Dei vil samstundes gjerne finna stilla i kvarandre, men strevar veldig med å få det til. Det handlar om det å nærma seg kvarandre.

– Du kan seia at stykket er ein «churchyard love comedy» der det er mykje død og lik og gebiss... Karakterane må jobba tett på døden samstundes som dei må leva og anda og ha det bra. Det er ein kontrast her mellom det fæle og håplause, og kjærleiken dei prøver å finna i kvarandre.

Sundgot er spesielt tilfreds med å finna fram til kontrastane og spennet som finn stad. Både i tematikk og motiv, og i språket si tradisjon, eller i tradisjonen sjølv.

– Presten er jo ein slags portvakt mellom livet og døda, og det som er sømeleg og ikkje. Eg er fascinert av presterolla, ho er interessant fordi prestane har hatt mykje makt i samfunnet. Så har rolla mista makt, men ho er enno svært bestemt og fastsett, med korleis ein skal opptre, kva dei skal seia, kva slags klede dei har på seg.

– Ein prest møter mange forventingar. Det er stereotypiar om at ein prest skal vera omsorgsfull og ordentleg. Karakteren Eyolf er veldig omsorgsfull, men alt anna enn ordentleg! Han er også veldig rampete, og det synest eg er gøy.

No venter ei veke med arbeid på golvet, med skodespelarar og verkstedsleiar frå Sprengt teater. Simen Tobias Natvig Krogvig Segerberg og Jon Todal Sæbø speler rollene medan Fride Snipsøyr Holøs tek regien.

– Karakterane mine her snakkar veldig rart. Til dømes er det ei scene der Lyder og Eyolf er på badestranda, dei er drita fulle saman og snakkar i ein slags lyrisk dans. Dei snakkar fantastisk vakkert saman, i eit rim og ein rytme, ein lingvistisk dans der dei begge er dritings. Det synest eg er fint.

– Dei finn mykje intimitet i å beda. Dei ber saman, nokre stader i stykket er det som eit dikt, eit dikt i ein duett der dei ber saman om kvarandre, det gleder eg meg til å visa fram.

– Eg ser for meg at skodespelarane kan få det litt utfordrande, men eg håpar det vert gøy for dei også. Dette rare hybridspråket mitt må jobbast ut på golvet, og viss det går i dass liksom.. Viss det går i dass er det også veldig spennande!, ler dramatikaren.

Klikk her for å sikre bilett til arbeidsvisninga!

Til arbeidsvisningen på Oslo teatersenter skal Magnus invitera kollegaer, vener og kjende, men han har også ei liste med drøymegjester han gjerne ser i publikum.

– Eg har lyst til å invitera Linn Skåber, fordi eg likar ho. Og Line Rosvoll, tidlegare kunstnarisk leiar her på huset. Det er ho som sa at eg burde søkja her, og inviterte meg til å byrja å skriva. Så ho er mykje av grunnen til at dette stykket vart til. Og så skal eg senda brevpost til Jon Fosse, for som nynorskdramatikarar må vi jo stå saman, seier Sundgot håpefullt.