«Fleur og Florian» av Erlend Auestad Danielsen

Arbeidsvisning

Fredag 11. desember 2026 kl. 14:00

Sted: Hallen, Dramatikkens hus

Fleur og florian web

Velkommen til arbeidsvisning av «Fleur og Florian», en ny tekst av Erlend Auestad Danielsen.

«Fleur og Florian» er ein scenetekst om ein symbiotisk familierelasjon i møte med ein løyndom om sjukdom og død. Ei vaksen mor og ein vaksen son under same tak står fast i eit liv dei ikkje kjem seg ut av, kor ingen klarar å gi det den andre treng. Når skal sonen flytta ut og skapa sitt eige liv?

Huset knirkar, kattane kreler, fjernsynet står alltid på, mora spyr i trappene, enno ein hårlokk på golvet og sonen står og ser på, drikk Red Bull og veit ikkje kva han skal gjera.

Om dramatikeren

ERLEND AUESTAD DANIELSEN (f.1993) er utdanna dansar ved Kunsthøgskolen i Oslo og har studert skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han er tverrfagleg scenekunstnar med utøvande og skapande roller i dans, teater og literatur og driv Montebøllo Kunstkollektiv i Oslo saman med 16 andre kunstnarar. Som skrivande utforskar han korleis menneske lagar seg strategiar i møte med noko som opplevest umogleg. «Fleur og Florian» er hans første scenetekst og har vore igjennom DHs Nye dramatikere ordning.


Medvirkende

Regissør Erlend Samnøen

Skodespelarar
Toivo Ty Terjesen, fleire TBC

Sparrepartnarar/dramaturgar
: Uma Feed, Ane Aass, Kristin Auestad Danielsen og Amanda Øiestad Nilsen

Kalender