Kjersti Botn Sandal Barselfeber

Kjersti Botn Sandal
Om teksten
- Målgruppe: Voksne, Ungdom
- Karakter: 3 kvinner
- Antall sider: 43
SCENE 1
MUSIKK
Høyr vinden frø
Eit frø ligg i eit bur med gjennomsiktige gardiner rundt. Ventar på nokon å feste seg til.
Dorthea kjem. Oppdagar frøet. Prøver å få det til å feste seg på henne. Det går ikkje.
Helga kjem. Ho er på veg til Amerika, men oppdagar frøet og pirkar på det. Frøet grip tak i henne og klorar seg fast. Det blir etterkvart til eit foster som veks på Helga til eit barn.
MUSIKK
Pust
Helga føder uten pust.
Helga føder barnet. Det lagar lyd.
Musikk ut .
MUSIKK
Nyfødt plingplong
Helga går frå barnet.
Jordmor Dorthea kjem inn og oppdagar barnet som ligg aleine.
Dorthea
Er du her? Ser du på meg? Ja, du ser meg. Så fine auge du har, og så lyst mjukt hår. Nesten som mitt. Lille Dorthea. Lille Thea.
Helga nærmar seg Dorthea og barnet. Dorthea ser Helga.
Dorthea
Er ho di?
Helga
Ja.
Dorthea
Du må gå inn til henne.
Du må ta på henne.
Helga
Ho liknar ikkje på meg.
Dorthea
Nei, det har du rett i.
Helga
Ho liknar ikkje på mor mi heller, eller mormor.
Dorthea
Ho liknar meir på meg. Så fin.
Barnet lagar lyd.
Dorthea
Ho må ammast. Eg kan vise deg.
Klem på puppen som om den var en hamburger. Og få barnets munn godt innpå brystvorta. Ja, så flink du er. Så fin.
Dorthea ammar Thea med ein falsk pupp.
Barnet lagar lyd.
Dorthea masserer brystene til Helga og legg barnet i fanget hennar.
Helga
Kva gjer du? Du må sei kva du gjer. Eg er ikkje klar.
Dorthea
Vi må få i gang produksjonen.
Helga
Det gjer vondt.
Dorthea
Då har du feil grep.
Helga
Skal det vere så vondt?
Dorthea
Prøv å slappe av.
Helga
Veit du egentlig kva du driv med?
Dorthea
Eg trur det.
Helga
Trur?
Dorthea
Eg har øvd. Eg har øvd masse.
Helga
Må eg dette?
Dorthea
Ho treng melk. Masse melk.
Helga
Har du ikkje noke i kjøleskapet?
Helga dyttar Thea av fanget sitt.
Dorthea
Kor gamal er du?
Helga
Snart tjue.
Dorthea
Kor gamal er du?
Helga
Snart atten. Søtten, søtten og et halvt.
Dorthea
Kvar er far til barnet?
Helga
Han bur et stykke unna.
Dorthea
Foreldra dine? Kjem dei og hjelper deg?
Helga
Nei, dei bur eit stykke unna.
Dorthea
Er du aleine?
Helga
Har det kome nokre blomar?
Til meg. Til Helga. Blomar og kort? Ei helsing?
Dorthea
Ikkje det eg veit.
Helga
Kan du gå og sjå etter?
Dorthea setter barnet på Helga sin pupp att og går. Barnet prøver å få tak i melk.
Helga prøver å amme.
Helga
Bæ, bæ lille lam, har du noe ull. Ja, ja kjære barn, jeg har kroppen full.
Bæ bæ lille lam.
Barnet skrik.
Helga prøver å legge handa over munnen på det.
Helga prøver å riste på barnet, men det svelger si eiga luft. Får ikkje puste. Helga slår på barnet som rapar og gret.
Helga
Luft, må ha luft.
Helga går frå barnet igjen.
Dorthea kjem inn med blomar, bamse og kjole. Ho må roe barnet som skrik og gjev henne den falske puppen som smokk.
Dorthea
Eg opnar vindu og kikkar ut, hei Thea, her er eg. Eg opnar vindu og kikkar ut, hei Thea her er eg. Hei Thea her eg, sola skinner i dag. Hei Thea her er eg, sola skinner i dag.
Barnet roar seg.
Helga kjem tilbake.
Helga
Det var så slitsomt å høyre på.
Dorthea
Du må vere hos henne.
Du må ta på henne.
Helga
Nei, eller ja.
Dorthea
Har du egentlig det du treng for å ta vare på henne?
Helga
Kva treng ein?
Dorthea
Kurv? Vogge? Seng? Sprinkelseng?
Helga
Kva er det?