Emilie Hetland Drittbyen Ein gresk-norsk oljetragedie

Om teksten
- Målgruppe: Voksne, Unge voksne
- Ferdigstilt: 2024
- Antall karakterer: 12
- Antall sider: 79
UTDRAG S.34-35:
Journalisten og Nokon får hast på seg – Nokon tar ut fleire papir idet dei går ut. Ordføraren og Jenta er åleine. Stille.
ORDFØRAR
Me har nokre lovar og reglar her. For at folk skal få leve ut det beste av seg sjølv utan at det går dei til hovudet.
JENTA
Eg merkar at mykje har forandra seg...
ORDFØRAR
Ja. Alt har blitt betre. Det er få som hugsar korleis det eigentleg var her før... mennesket gløymer jo så lett. Du hugsar kanskje?
JENTA
Berre i kjensler. Eg var ung då eg drog.
ORDFØRAR
Då kan eg hugse for deg. Det var fattig. Usivilisert. Ingen hadde arbeid. Folk flest åt poteter til middag kvar dag, kan du tenkje deg? Poteter. Og gulrøter. Alt som låg i skitten jord, det skulle folk ha. Er det ikkje latterleg å tenkje på når rikdommen berre låg ein steinkast unna... der ute i havet.
Ordføraren ser ut vindauget med store auge.
ORDFØRAR
Veit du, det var eg som fekk det til.
JENTA
Kva?
ORDFØRAR
StoreOljeSelskapet – at hovudkontoret deira skulle liggje her, det var det eg som sørga for. Ikkje i helvete om dei skulle ha det inni hovudstaden, ikkje på tale. Så lenge eg er ordførar her, skal alle som bur i denne byen dele rikdommen ifrå olja.
JENTA
Høyres i utgangspunktet ut som ein fornuftig plan.
ORDFØRAREN
Klart det er. Den byen du forlét då du... ja, eg antar du skulle ut i verda og finne deg sjølv – slik er det vel med sarte sjeler... den byen finst ikkje lengre. Dei lovane og reglane som gjaldt i fattiglandet – dei gjeld ikkje lengre.
Ordføraren går til aztekerskrinet og tek eit dreg av det kvite pulveret.
JENTA
Eg merkar eg må oppdatere meg litt på lovar og regler.
ORDFØRAREN
Det må du.
JENTA
Og så vil eg gjerne vite litt meir om kvifor eg er her...?
ORDFØRAREN
Du skal få ein pris.
JENTA
Det har eg skjønt.
ORDFØRAREN
Og eit oppdrag.
JENTA
Oppdrag?
ORDFØRAREN
Ja, du er dokumentarskaper, er du ikkje?
JENTA
Eg er det.
ORDFØRAREN
Me vil gjerne at du lager ein dokumentar. Om byen. Eller – ein slags trailer. Verda må få vite kor godt me har det her. Me må dele vår kunnskap, vårt engasjement, måten å drive på. Ja, det er jo det heile kunstnersatsinga handlar om. Dei beste – dei kjem herifrå. Og kvifor? Jo, det er fordi me veit å skape det beste.
JENTA
Det beste?
ORDFØRAREN
Dei beste produkta, dei beste folka, det beste livet.
Jenta er usikker.
JENTA
Det høyrest ut som eit stort oppdrag.
ORDFØRAREN
Kjempestort.
JENTA
Eg har ein del andre prosjekt eg eigentleg held på med for tida...
ORDFØRAREN
Sei eit tal.