Ingrid Jørgensen Dragland I desse dagar

Ingrid Jørgensen Dragland foto Siren Høyland Sæter

Ingrid Jørgensen Dragland

ingrid.j.dr@gmail.com

Les mer om Ingrid

Om teksten

  • Målgruppe: Voksne
  • Karakterer: 6 (opp til 19)
  • Antall sider: 80

Kunstnaren går vidare og kjem forbi ei kvinne som tigg.

Kunstnaren:
Som eit Breughel-måleri av i dag. Her er eit par tiarar til deg. Opp i koppen. Pling, pling.

Tiggarkvinna:
Takk snella, til mina barn. Takk takk.

Kunstnaren:
No går ho vel inn på nærmaste Kiwi og kjøper seg ei skulebolle og Coca-Cola. Så fordomsfull eg er, forutinntatt, for alt eg veit kan ho være professor i litteratur ved universitetet i Bucuresti. Hjernekirurg i Budapest. Men ho går mot Kiwi. Ho gjer det. Let berre koppen og teppe ligge att, og trekkspelet. Fint trekkspel ho har. Likssom kontoret hennar dette her, atelieet. Eg kunne like godt ha vore henne, det kunne jo ha vore sånn, at eg var henne og ho meg. At det var eg som sat slik og spurde etter penger, skilnaden er ikkje stor. Vi er om lag like gamle, så urettferdig, tilfeldig, vil ikkje tenke på det.

Tiggarkvinna kjøper skulebolle og Cola.

Tiggarkvinna:
Kan jag få detta for 30 kronor, jag har inte mera, snella.

Poeten som jobbar på Kiwi:
Ok, men ikkje sei det til dei andre. Det blir så mange som kjem hit då.

Tiggarkvinna:
Så klart inte. Tack snella.

Tiggarkvinna står inne i butikken og et skulebolle og drikk Cola.

Poeten som jobbar på Kiwi:
Kan du vere så snill å gå ut no? Eg meiner ikkje å ikkje vere grei, men eg er så redd for å bli smitta. Om du blir for lenge i butikken kan smitta spreie seg her inne.

Tiggarkvinna:
Berre lite til så skal jag gå.

Poeten som jobbar på Kiwi:
Det er ikkje sånn at eg vi kaste deg ut, men sjefen har faktisk sagt at vi må vere strenge på dette no. 

Tiggarkvinna:
Kva dette? Du selg bok?

Poeten som jobbar på Kiwi:
Ja, det er samlinga mi. Eg har skrive. Eg poet. Debutant. Eg fersk. Eg ny. Dikta. Dikta mine. Kvifor byrjar eg å snakke i to-ords-setningar no berre fordi ho er dårleg i norsk, det er jo ikkje nødvendig. Kanskje det er for å nå henne. For at ho skal forstå. Det er ikkje vondt meint, eg meiner, kan du gå ut no, vær så snill.

Tiggarkvinna:
«Songar frå Samvirkelaget» 

Poeten som jobbar på Kiwi:
Jada, det er det den heiter, samlinga mi. Dikt. Poesi.

Tiggarkvinna:
Kva tyde?

Poeten som jobbar på Kiwi:
Det tyder, song, lalalala, from the shop…..groserystore……I try to reach people, not reading poetry, og to the groserystore, the beautyness here…. In the simplest things…..we see every day…..in the groserystore. The poetry in every day, the beautyness in the simples nearest things trivielle ting, korleis seier eg det….trivielle, kva er det på engelsk… trivial!

Tiggarkvinna:
Interesting.

Poeten som jobbar på Kiwi:
Yes, very interesting…..Berre et opp du, det går sikkert heilt fint. Du er jo snart ferdig no så…. 

Tiggarkvinna:
Poetry. 

Poeten som jobbar på Kiwi:
No som du er ferdig. Kan du vere så snill?

Tiggarkvinna:
Gje meg eit eple. Jag behøver nogot sundt. Ikkje berre skolebulle, tjokk av skolebulle. Eit raudt eple, Pink lady. Snella.

Poeten som jobbar på Kiwi:
Eg skal hente eit til deg. Berre bli ståande.

Tiggarkvinna:
Tack snella.

Poeten som jobbar på Kiwi:
Sånn, ver så god. Eg vil ikkje ta på henne når eg gir henne eple, men eg kjem borti henne, må hugse å sprite meg godt etterpå, ho kan ha lagt smitte att i butikken, sprite rundt skulebollene, rundt colaen og, og bøkene, tenk om ho har smitta bøkene…..ho tok på dei og…. Bøkene mine….sprite dei og……er nok best det. Vil ikkje at ho skal sjå at eg spritar, vil ikkje det, kanskje eg fornærmar henne då, vil ikkje det, vente til ho har gått. 

Tiggarkvinna:
Du god. Godt menneskja.

Poeten som jobbar på Kiwi:
Det er sikkert du og, men du har kanskje ikkje fått så god anledning til å utvikle det. 

Tiggarkvinna:
Hej då.

Poeten som jobbar på Kiwi:
Hej då. Kanskje dette kan bli eit dikt, ei ny diktsamling. «Kjærleik i Coronaens tid» etter Marques, favorittboka mi. Eller kanskje «I desse dagar»? Kanskje. Skrive det ned. Notere det.