Ingrid Jørgensen Dragland Verdsmeister i Vipping

Ingrid Jørgensen Dragland foto Siren Høyland Sæter

Ingrid Jørgensen Dragland

ingrid.j.dr@gmail.com

Les mer om Ingrid

Om teksten

  • Målgruppe: Ungdom
  • Karakterer: 1
  • Antall sider: 68

Ho:
Det skal ikkje byrje sånn: 
det byrja då eg kom i puberteten 
eller då eg hadde kjærleikssorg for fyrste gong: 
eller
kanskje det var då eg byrja å legge på meg
eller eg trur fyrste gong var då ein gut var skikkeleg kjip mot meg 
eller då eg skjøna at eg ikkje fekk spele fotball fordi eg var jente 
eller 
nei
Det skal ikkje byrje sånn. 
Eg veit ikkje korleis det skal byrje men det skal ikkje byrje sånn
det er eg heilt sikker på. 

Ho tar opp mobilen og slår eit nummer.


I mobilen:
Hallo! Kan du kome? No.

Legg på. Angrar seg, ringer opp att.


I mobilen:

Eg saknar deg sånn. Eg klarer ikkje å tenke på noko anna…. Kom, no, så fort du kan, vær så snill.

Ho får ikkje svar. Pause


Ho:

Eg veit eigentleg ikkje korleis det byrja sjølv heller. 
Eg gjer ikkje det.
Skulle ønske eg visste det. 
Skulle ønske eg hadde eit svar 
men det har eg ikkje.
Eg har berre uendeleg mange spørsmål.
Uendeleg mange små raude trådar
Ikkje noko å nøste i
Dei ryk berre eg tar i dei
Berre eg ser på dei
Alle dei raude trådane mine
Dei er så tynne og skjøre som umogelegheita sjølv.
Eg veit ikkje.
Ingen veit.


Hugsar:

Ho som er meg som er ho blir fødd utan skinn på fingrane, 
utan hud. 
Ho har byrja å ete på seg sjølve inne i magen til mora. 
Det fyrste dei må gjere er å pumpe henne. 
Få ut 
det ho har fått i seg. 
Hud.
Små naglebitar.
Ho er så tjukk at ho berre kan opne eit auge om gongen. 
Ho har ete seg mett 
på seg sjølve.
Som ei lita bolle. 
Ei lita rosinbolle med to rosiner til auge. 
Ho kjem nok til å klare seg seier dei. 
Det er det dei seier. 
Ho som er meg som er ho kjem nok til å klare seg.