Eirik Fauske Vi er dette auget

Om teksten

  • Målgruppe: Barn
  • Karakterer: 4 +
  • Antall sider: 25
  • Urpremiere: 29.05.2020, Stamsund, E15, Kvalnes

STEMME: 
hehe
sjå der er Tullingen
der går tullingen
sjå på tullingen
der er han
berre femten år
går bortover stien, sparkar på ein stein, sparkar den ut i vegbanen
spring etter
forsiktig no!! tullingen!

så seinare
sjå
tullingen haltar
på den eine foten
sleper den andre etter seg
kva er det som har skjedd no då tullingen? 
går her i ørska firogtjueår, berre slepar foten din etter seg

no er han eldre
stort krøllete hår
ein busk på hovudet
ber på eit langt plastrør 

har du pengeproblem Tullingen?
er det det du har?
kva er det du sleper etter deg
er det ein draum?
er det eit håp?
kve er det du sleper etter deg tullingen?
er det ange dager
er det lav score på konsentrasjonstester
er det henvisningar til helsesøster
er det ein knekt fot

kva er det du sleper etter deg
er det ugjengjeldt kjærleik hæ?
ein alkoholisert slekt
ein narkotisert slekt
ein jævlig slekt av pøblar og tjuvraddar og barnemisbrukarar og svindlarar og rallarar frå det indre austlege vestlandet
sjå ut
der oppe
oppe i dalen
der går han innover. 

langs stien
følger stien innover og forvinn oppi der


STEMME:
dette er ikkje det ekte

det du ser

dei strendene 

dei fjella

det flate lange

vi skal bak det du ser

det vi ser

bak der igjen

bak auga dine

det er som å ha opne auger

og så opne dei

du opnar dine opne auge

dei er opne og ser

men du opnar dei 

som det går an å opne dei to gonger

først når du blir født, etterkvart får syn

og så 

etter ti-tjue-tredve-førti-femti år

etter å ha sett så lenge

etter å ha hatt dei opne

så opnar du dei ein gong til

på ein annan måte denne gongen

du sit og ser ut bussen kanskje

og så opnar du auga dine

og ser 

berre ser

at 

at det du ser ikkje er av denne verda

hæ?

sprøtt kva?