«Barnet i potetåkeren» av Kjersti Wøien Håland

Arbeidsvisning

Fredag 05. desember 2025 kl. 14:00

Sted: Hallen, Dramatikkens hus

Potetaker

Velkomen til visning av «Barnet i potetåkeren», en ny absurd komedie skrevet av dramatiker Kjersti Wøien Håland.

Dei to siste menneska på planeten er dei første som er 100% sikre på sin rolle: Dei skal rydde opp all søpla menneska har lagt igjen og deretter døy.

Mada er utstyrt med ei vasketralle. Ave har ein industriell støvsuger som kan suge til seg både hus og daude isbjørnar. Dei er lukkelege i jobben sin og glade i kvarandre.

Ein dag kjem dei over ein intakt gard med ein stor potetåker utafor. Dei finn hermetiske pærer, et dei og hamnar på ein rus-tripp der dei opner seg for kvarandre. Dei deler for første gong minner om andre menneske og visjonar dei har for framtida. Dagen derpå finn dei eit barn i åkeren utafor.

For første gong blir Ave og Mada ueinige om kva dei skal gjere. Ave meiner barnet er rot som må ryddast. Mada meiner barnet endrar alt dei har tenkt om deira rolle i verda.

«Barnet i potetåkeren» er ein absurd komedie som handlar om meining og håp i umoglege tider.


Om dramatikaren

Kjersti Wøien Håland (1988) er dramatikar. Ho har ei allsidig karriere som forfattar og dramatikar innafor film, TV og litteratur. Ho debuterte som dramatikar for scenen med «Rommet i mellom» (2020) på Brageteatret og har sidan skrive teaterstykket «Usynleg» for Den Unge Scene (2020).

Medvirkende

Dramatikar: Kjersti Wøien Håland

Verkstedleiar: Andrea Vik

Skodespelar: Mari Elise Haugen

Skodespelar: Sofia Knudsen Estifanos

SoMe: Kjersti Wøien Håland (@kjersti_wh på instagram)

Kalender