Ingrid Jørgensen Dragland INGENTING BLIR TIL INGENTING

Ingrid Jørgensen Dragland foto Siren Høyland Sæter

Ingrid Jørgensen Dragland

ingrid.j.dr@gmail.com

Les mer om Ingrid

Om teksten

  • Målgruppe: 1.-4.klasse
  • Antall skuespillere: 4
  • Antall sider: 71

LÆRAREN

Du syng

Presens

INGVILL

Eg meinte ikkje å

LÆRAREN

Du song

preteritum

INGVILL

Beklagar

LÆRAREN

Kan vi fortsette på side 23?

INGVILL

Dei ler

Eg skjønar ikkje kvifor

LÆRAREN

Eller vil du synge meir?

INGVILL

Alle ler

LÆRAREN

Infinitiv

INGVILL

Eg ler med

LÆRAREN

Du er skikkeleg morosam du

INGVILL

Sjølv om eg ikkje skjønar kvifor

LÆRAREN

Du likar å utfordre

INGVILL

Dei må ikkje skjøne at eg ikkje skjønar kvifor

Så eg ler skikkeleg høgt

LÆRAREN

Veit de kva Yggdrasil tyder?

INGVILL

Ingen rekk opp handa

LÆRAREN

Ingvill?

INGVILL

Eg rakk ikkje opp handa

LÆRAREN

Ingen andre gjorde det heller så då spør eg like godt deg

INGVILL

Kva var spørsmålet?

LÆRAREN

Du må følgje med

Veit du kva Yggdrasil tyder?

INGVILL

Eeee oooo eg veit ikkje…

LÆRAREN

Neste gong du syng i timen må du på gangen

Har du forstått?

INGVILL

Eg klarar framleis ikkje å svare

LÆRAREN

Du må svare meg

INGVILL

JA!

LÆRAREN

Du svarar altfor høgt

INGVILL

JAAAAAAA!

LÆRAREN

Du skal ikkje skrike

INGVILL

JAAAAAAAAAAAAAAAAA!

LÆRAREN

Du må roe deg

INGVILL

JAAAAAAAAA!!!!!!! ja

LÆRAREN

Yggdrasil tyder «Odins hest» og er ei poetisk omskriving av å ri galgen

altså å henge seg

INGVILL

Yggdrasil

Høyrer du?

Ho snakkar om deg

LÆRAREN

Odin hang seg sjølve

og ofra seg sjølve for seg sjølve for å få kunnskap om å skrive og å lese

INGVILL

Yggdrassil….

LÆRAREN

Ingen som ofrar så mykje for å tileigne seg lærdom no til dags Ingvill? Heng du med?

INGVILL

Ho ler

Læraren ler

Eg ler eg og

Vil så gjerne at ho skal like meg

Alle ler

Skikkeleg god stemning her no

LÆRAREN

Kan du lese vidare?

INGVILL

Klart eg kan

Kor var vi?

LÆRAREN

No må du skjerpe deg

INGVILL

Der, eg skal byrje der

Eg pustar rolege ord utav meg

Stemmen min er på mi side

Mjuk og medgjørleg

Orda finn den rette vegen ut

Godt at eg pugga dette heime i går

Eg kan det utanatt

Forlengs og

Baklengs

Orda blir det dei er meint å vere

LÆRAREN

Du kan når du vil

INGVILL

Kan ho ikkje heller spørje oss om kven vi er

Kva vi likar å gjere

LÆRAREN

Då blar vi om til side 97

INGVILL

Om ho hadde spurt meg

Trur eg at eg hadde svart dette