Ingrid Jørgensen Dragland Alberstinge

Om teksten
- Målgruppe: Voksne
- Antall karakterer: 6 (4 kvinner og 2 menn)
- Antall sider: 90
Utdrag:
PROLOG
Det er natt. Det regnar mykje. Ho får ikkje sove. Ho sit åleine i mørket og skriv. Ho kan sitte på eit tomt golv, i ein saccosekk, i eit digert tre, eller ein bygard. Alle er i det same rommet.
Ho
Eg veit ikkje om eg søv eller er vaken
Men eg søv og er vaken
Veit ikkje om eg er i det eine eller det andre
Eg veit berre at det finnes
Eg vil vere
der det er
der det finst
Eg veit ikkje om eg diktar ut
eller trekk det tilbake
Tør ikkje å skrive med lyset på
Skriv med venstrehanda
Med eit lite skuldertrekk
Med det knirket som kjem når ein opnar vindauge
Eg skriv knirket inn i draumen
SCENE 1
Ho drikk vin og forsøker å skrive. Enka beveger seg rundt, kvilelaust.
Ho
Eg veit ikkje om det er verkeleg
Det har ikkje så mykje å seie
Det skadar ingen
at eg drøymer meg bort
anna enn meg sjølve
Poetisk sjølvskading
Enka
Hallo
Ho
Dei skulle berre visst
Enka
Er du der
Ho
Kva eg driv med
Kva eg ikkje klarar å halde opp med
Enka
Kjem du snart?
Ho
No har ho byrja att
Enka
Eg veit ikkje om eg orkar å vente lenger
Ho
Dei høyrer knottinga på macen
No er ho på kjøret att
Enka
Hallo
Ho
Skrivekjøret
No fell ho snart i lyrisk koma
Enka
Du kjem nok snart
Ho
Er det av betydning?
Enka
Minna er verkelegare enn alt
Ho
Er det avgjerande?
Enka
Er du her?
Ho
Det kan det ikkje være
Enka
Alt som er verkeleg bleiknar
Ho
Det kan ikkje være sånn
at det som ikkje er verkeleg
ikkje har betydning
Enka
Kvifor kjem du ikkje?
Ho
Eller det som ikkje er verkeleg
ikkje har like stor betydning
som det som er verkeleg
Enka
Eg går om du ikkje kjem
Ho
Kven sett premissane for det?
Enka
Eg har ikkje noko å gjere her
Ho
Det synlege for auge?
Enka
Utan deg
Ho
Eg tenkjer
altså er eg
Enka
Eg orkar ikkje
Ho
Decartes?
Enka
at du ikkje er her
Ho
Det vesentlege
er usynleg for auge
Den litle prinsen