Ingrid Jørgensen Dragland Samstundes

Om teksten
- Målgruppe: Voksne
- Antall karakterer: 9 (6 kvinner, 3 menn)
- Antall skuespillere: 30
Ho Som Flyg
Eg Står opp klokka halv 6 kvar morgon. Må det for å ha litt tid. Så det ikkje skal bli stress. Vil har god tid til frukost og kos før ho må i barnehagen.
Ho heiter Synnøve.
Ho er så fin.
Tynne fletter som hoppar opp og ned på ryggen når ho spring.
Ho spring alltid.
Nesten som ho flyg
Spinkle bein inni tjukke strømpebukser.
Vi bur på ein eittroms. Ho går i barnehagen og eg jobbar. Eg står i ein elektrisk butikk. Fulltid. Det blir lange dagar.
I helga gjer vi alltid noko ekstra.
Går tur i skogen.
Drar på sykkeltur.
Ligg i senga om morgonen med kaffi og kakao.
Ler og pratar.
Synnøve har ikkje kontakt med faren sin i det heile tatt. Ho veit ikkje om han. Men eg veit godt kven han er. Eg treff på han av og til. Han veit ingenting om Synnøve. At ho er hans.
Ho elskar botanisk hage
Kan alle dei latinske namna på plantane.
Vi lærer dei saman.
Bulmeurt-Hyoscyamus niger.
Revebjelle-digitales purpura
Malurt-Artemisia absinthium
Foreldra mine syntes ikkje det var nokon god ide at eg skulle få Synnøve heilt åleine. Dei ville at eg skulle gå på skule. Men eg kunne jo ikkje sei nei til Synnøve. Synnøve er det viktigaste for meg. Eg kan ikkje leve utan henne. No må dei stå for det dei truga med; å ikkje ha kontakt med meg. Ikkje med Synnøve heller. Det einaste barnebarnet deira.
Eg går tur med henne.
Det er ein klar fin haustkveld,
men det blæs ein del.
Vi går mot skogen.
Då skjer det noko
Akkurat då
Vinden tar tak i meg.
Eg klarer ikkje å halde beina på bakken.
Eg prøver å halde meg fast i vogna men eg glipp taket og fer til værs.
Eg stig høgare.
Eg breider ut armane som vegner og tak nokre tak.
Eg stig oppover.
Eg kan sjå skogen og blokka vår.
Eg ser den raude vogna som står der nede.
Eg ser Synnøve sitte der og ser opp på meg.
Ho smiler.
Eg ser kor lita ho var.
Eg vinkar til henne.
Ho strekk opp handa og vinkar tilbake.
Begeistra over å sjå meg slik.
Høgt oppe på himmelen.
Eg skundar meg ned att.
Ho sit stille i vogna og ser på meg.
Vi går roleg heim. Ingen av oss snakkar om det som har skjedd. Som om ho og veit at det er utanom det vanlege. Om eg ikkje seier noko kan det hende ho ikkje vi snakke om det. Kanskje ho ikkje vil seie noko i barnehagen då.
Eg har letta.
Eg har flydd som ein fugl i lufta.
Det er enkelt.
Som om eg kunne det frå før
Som om eg hadde det innebygd
Eg ser meg i spegelen.
Leitar etter teikn på kroppen.
Merker.
Men eg er heilt lik meg sjølv.
Eg tør ikkje å forsøke flyginga igjen på lenge. Eg er engsteleg for at Synnøve skal bli redd. Eller at ho skal fortelje det til nokon i barnehagen. Eg synes eg høyrer henne:
- Mamma fly. Høgt opp i lufta.
- Nei, mor di kan ikkje fly. Har ho reist med fly kanskje?
- Mamma fly åleine. Høgt opp. Som bestemor skogmus
Eg lurer meg ut ein kveld Synnøve har sovna. Seier til naboen at eg skal ta ein tur i kiosken. Dei har nøkkel og skal høyre etter. Så skundar eg meg bort til skogen der eg letta sist.
Eg vågar meg litt høgare opp enn denne gongen.
Så stille det er å segle på lufta.
Eg kan sjå inn vindauga til folk i blokkene høgt oppe.
Korleis dei held på med sitt.
Ein syr i ein knapp.
Ei laga mat.
Ein unge sit i ei seng og grin.
Det er like lett som sist.
Like naturleg for meg.
Eg skundar meg heimatt. Takkar for at dei passa på Synnøve. Går inn å ser på henne når ho søv. Ho ligg som vanleg på magen utan dyne. Stryk henne forsiktig over håret. Høyrer på pusten som går. Den vesle vakre menneskemaskina.
Eg kjenner at eg har ei kraft.
Det er heilt naturleg for meg
Som å sykle.
Men.
Noko som kjem så plutseleg
vil kanskje bli borte igjen likte raskt.
Eg gjer det nokre gonger til. Seier til naboen at eg må ut eit ærend og tar meg ein tur. Eg vil sjekke at det ikkje tar slutt.
Eg hugsar at eg tidlegare drøymde at eg kunne fly.
Eg drøymde at eg hoppa på eit stupebrett høgare og høgare og til sist flaug eg.
Eg hugsar kjensla av vektløyse.
Det er den same kjensla eg har no.
Eg kviskrar det til Synnøve om natta når ho ligg i senga si og søv.
Eg kan fly.
Det skal eg lære deg.
Når du blir stor nok
Då vil eg ta deg med.
Vi skal fly saman du og eg.