Maria Tryti Vennerød Koronadagbok

Maria Tryti Vennerød foto Anna Julia Grünberg Blunderbuss

Maria Tryti Vennerød

mtv@getmail.no

Les mer om Maria

Om teksten

  • Målgruppe: Voksne

29. mars 
Eg saknar å sjå deg, verkeleg sjå deg frå alle kantar. Eg saknar lukta og rommet mellom oss når vi pustar i same rom. Eg saknar å ta på deg, eller å la vera å ta på deg, legga merke til når du lener deg fram, når du ser ned eller bort. Eg pressar stemma inn i ulike mikrofonar, eg seier “høyrer du meg no”. Nei, svarer du. Eg trykker på fleire knappar. Du smiler. Eg smiler tilbake. Eg har fire meldingar frå folk som lurer på om eg er einsam, nei svarer eg men i eit blaff kjenner eg at ja, eg blir snart einsam, men samtidig tenker eg, er det aldri fred å få?


2. april
Eg ringer opp folk eg har tenkt på i årevis. Eg vil hekta trådane inn igjen, alt som er laust, halda greiene saman sånn at alt på nytt kan bli fast og solid og oversiktleg, eit jamnt pent mønster utan sår, eg vil ha fortid, notid og framtid pent bundne saman på ein måte som gir meining


6. april
Å vera i Korona er som å vera på fylla. Eg er så utruleg glad i deg. Du er fantastisk. Kvifor blei det aldri oss


8. april
Tolmod og stamina. Er vi snart gjennom, eller har vi knapt begynt? Eg må vera seig. Eg må vera seig. Eg må vera seig. At noko så lite kan endra alt! Ein liten, knapt levande dings som ingen ser. Det burde gi håp til oss andre små, som òg klorar oss fast og leitar etter inngangar inn i noko større


11. april
Eg har alltid likt blomstrar frå brun bakke og grått vatn som sildrar. Gulbrun venleik når egg blir knuste innanfrå. Eg svermar for Jesus igjen. Langt inni meg ein stad lengtar eg etter å ta det på alvor, at han døyr for meg, og viljen hans til å gjera det. Viljen og angsten når han gjer det, smerta og gleda han må han kjent, å tenka at ja, livet er stort, men døden er større, tanken er større, ideen er større, Gud er større og alt dette store er det verdt å døy for. Påskestjerne, bli hos meg. Skin på meg i gråe gater. Eg lengtar etter verda slik eg kjende den. Eg lengtar etter verda som skal komma. Eg lengtar etter noko eg ikkje kjenner, eg lengtar etter ei verd slik eg førestiller meg den


12. april
Steinen blir rulla til sides. Lyset flommar inn og skjer meg i auga. Eg kan ikkje hugsa å ha levd. Eg trudde eg var forsona med mørket, at eg hadde flote saman med mudderet for alltid; eg lytta ikkje lenger til boblene nedst i myra, nedst i lungene mine, den mekaniske pustinga styrt av ledningar og apparat langt borte; alt saman var noko eg hadde sovna frå. No høyrer eg kyrkjeklokker i det fjerne. Eg drar meg opp. Framleis renn det blod gjennom meg. Framleis dunkar det i hovudet. Lungene er som sandsekkar men eg krabbar ut, det ligg ei verd og ventar på meg, ei ny verd, ei verd som pustar og lever og som eg kanskje kan vakna i, vera i, verka i og elska


20. april
Faren over! Alt er varmt og vakkert og sprudlande, det kitlar i heile kroppen. Ingenting kan såra meg. Det kitlar i halsen òg. Gud. Eg googlar pollenvarselet, skal eg døy no igjen, kanskje innbiller eg meg berre at eg er frisk? Kanskje ligg viruset i gangen, på eit jakkeerme og ventar. Eller på ein mjølkekartong i kjøleskapet. Og kva med brødet frå butikken, ligg det små virus under skorpa som berre lengtar etter å komma i kontakt med slimhinnene mine? Nei da. Ingenting kan såra meg. For no er det vår.