Aktuelt 17. september
Maria Tryti Vennerød (1978) fekk eit tidleg gjennombrot da ho vann førsteprisen i ei stor norsk-svensk dramatevling i 2003 for stykket «Frank».
I 2005 mottok ho Ibsenprisen som den yngste nokon gong, og sidan har ho utforska mange sjangrar innan scenetekst. I 2012 blei scenebloggprosjektet «Ikkje direkte råka» nominert til Heddaprisen i kategorien «Særleg kunstnerisk innsats». Ho har skrive for alt frå Hovudscenen på Det Norske Teatret til F.I.N.D.-festivalen på Schaubühne i Berlin. Det siste stykket hennar «Nære relasjonar» spelte på Scene 3 på Det Norske Teatret i 2024.
Maria er husdramatiker ved Dramatikkens hus for perioden 2027-2028.
Aktuelt 17. september
Katalog Norsk dramatikk 2020
Podkast 01. februar 2019
Aktuelt 12. oktober 2018
Podkast 14. mars 2017
Aktuelt 03. oktober 2016