![Small Dramatikkens Hus illustrasjonsbilder 2020 Lars Opstad 113](https://dramatikkens-hus.imgix.net/small_DramatikkensHus_illustrasjonsbilder_2020_LarsOpstad_113.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&fit=crop&fm=webp&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=400&w=600)
Torkil Sandsund om: Teater og mjelkekaker
Foredrag
Tirsdag 03. november 2020
![Torkil sandsund foredrag2020 foto torkil sandsund edit](https://dramatikkens-hus.imgix.net/torkil-sandsund_foredrag2020_foto-torkil-sandsund_edit.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&fit=crop&fm=webp&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=331&w=600)
Foto: Torkil Sandsund
Torkil Sandsund er teaterregissør, busett i Dale i Sunnfjord. Han har vore med å stifta Teaterfestivalen i Fjaler, som han no driv. Han arbeider med etablering av Fjaler scene, som i desse dagar utvikler ei residensordning for scenekunstproduksjon.
Torkil Sandsund vil snakke med utgangspunkt i Vevring, ei bygd med 200 innbyggarar, på nordsida av Førdefjorden. Der har det vore drive ei dugnadsbasert kunstutstilling i over 40 år. Sandsund kjem til å prate om kva rolle mjelkekaker og basarkultur har spela for kunstformidling i Sunnfjord; litt om landskapskunst, aksjonisme, dugnad og bygda som ramme kring kunsten, litt laust og fast kring dette, og litt om teater og.
I føredragsserien har scenekunstnare vald ein kunstnar eller eit emne som utgangspunkt for å tenkje høgt om teater og verda. Ole Johan Skjelbred og Morten Cranner kuraterer serien. Du kan strøyme føredraget heimesida og Facebook-sida vår.
Arrangementet er gratis.
NB: Av smittevernhensyn er det 40 tilgjengelige billetter til dette arrangementet. Alle gjester må reservere individuelle billetter og registrere seg via Hoopla. Det kan ikke bestilles til andre enn seg selv.
Kalender
![Small Dramatikkens Hus illustrasjonsbilder 2020 Lars Opstad 113](https://dramatikkens-hus.imgix.net/small_DramatikkensHus_illustrasjonsbilder_2020_LarsOpstad_113.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&fit=crop&fm=webp&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=400&w=600)
![Butch web](https://dramatikkens-hus.imgix.net/butch-web.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&fit=crop&fm=jpg&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=120&w=200)
A BUTCH IS A BUTCH IS A BUTCH IS A BUTCH
![Butch web](https://dramatikkens-hus.imgix.net/butch-web.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&fit=crop&fm=jpg&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=120&w=200)
A BUTCH IS A BUTCH IS A BUTCH IS A BUTCH
![Deultimatepride webevent](https://dramatikkens-hus.imgix.net/deultimatepride-webevent.png?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&fit=crop&fm=jpg&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=120&w=200)