Solveig Styve Holte om: Mellom kanonen og arkivet - intertekstualitet i koreografisk praksis

Foredrag

Tirsdag 28. mars 2023

Skjermbilde 2023 01 06 kl 14 48 42

Foto: Tale Hendnes

Foredraget strømmes til dramatikkenshus.no og Facebook.


Solveig Styve Holte vil i dette foredraget diskutere konseptet intertekstualitet og knytte dette til dans og koreografi. Intertekstualitet er eit omgrep frå litteraturvitskapen som viser til korleis ei tekst vert ein stad der tekstar kryssar kvarandre, slik det finnast sitat, allusjonar og lån frå andre tekstar (SNL). Holte interesserar seg for korleis sitat, lån, sampling og referering aktivt kan nyttast i ein koreografisk praksis og kva dette fordrar, båe i møte med publikum og i form av materiala si rolle som medforfattarar i eit koreografisk verk. I ei rekke ulike arbeid har Holte interessert seg for korleis alt-eksisterande materiale og dansehistoriske arkiv kan nyttast og korleis ulike arkiv sin status potensielt skaper ulike koreografiske tilnærmingar og metoder.

Solveig Styve Holte (fødd 1984) er dansar, koreograf og stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo (2019-2025) der ho utforskar ei utvida forståing av forfattarskap i dans og koreografi. Holte er basert mellom Oslo og Folkestad, der ho etablerer YKS, eit koreografisk senter på heimgarden.

I foredragsserien på Dramatikkens hus inviterer vi scenekunstnere til å velge seg en kunstner eller et tema for å tenke høyt om teater og verden. Foredragsserien kurateres av Ole Johan Skjelbred og Morten Cranner.

Arrangementet er gratis.

Kalender