Kristina Leganger Iversen Det sanne og det synlege

Kristina Leganger Iversen

Kristina Leganger Iversen

Les mer om Kristina

Om teksten

  • Ferdigstilt: 2024
  • Utgitt som bok: https://samlaget.no/products/det-sanne-og-det-synlege-1

ALBERTINE:
Eg har forresten også blitt stalka ein gong!

GEMMA:
Har du?

BETINA:
Det har du ikkje fortalt om før?

GEMMA:
Tenk at vi alle har blitt stalka.

ALBERTINE:
Eg har ikkje tenkt på det på lenge, eg trur faktisk nesten eg hadde gløymt det fram til du fortalde om det i stad. Det er mange år sidan, då eg nett var flytta til Oslo og inn i kollektiv. Eg dreiv og kjøpte brukte ting på Finn på den tida, og eg kjente ingen med bil eller lappen, for den del, så eg dreiv og bussa omkring halve Oslo for å plukke opp forskjellige ting her og der. Eg kjøpte typ eit respatex-bord av ei dame på Kalbakken og eit gamalt Rørostweed-teppe av ei dame på Frogner, uansett så var det ein dag det dukka opp ein fin liten retro teak-kommode på Finn, den var sånn akkurat midt mellom eit nattbord og ein kommode i storleiken, og den var nede ved Vår frelsers gravlund, berre eit par stopp ned med 37-bussen. Så eg bussar ned med eit par arbeidshanskar til å bere med, finn adressa, går opp det som viser seg å vere fire etasjar.

BETINA:
Det er alltid folk som bur i fjerde etasje, som sel ting billig på finn …

ALBERTINE:
Ber kommoden ned og bort på busstoppet. Eg set kommoden ned på bakken ved sida av meg, og så står eg der, då, i arbeidshanskane mine og ventar på bussen. Det er ein sånn fyr der, eg kan merke at han liksom er litt for oppmerksam, så eg flekker opp mobilen for å distrahere meg sjølv og markere manglande interesse …

GEMMA:
For det fungerer jo alltid så bra, hehe.

ALBERTINE:
Og så kjenner eg ei sånn snikande kjensle av varme på rumpa, og det er jo ganske rart … Så eg snur meg og kvepp til, for der står han rett ved, men handa si på rumpa mi …

«KVA I ALL VERDA ER DET DU DRIV MED?»

BETINA:
«Liker du det ikkje?»

GEMMA:
Sa han det?

ALBERTINE:
«NEI! HALLO, EG FLYTTAR EIN KOMMODE! EG ER IKKJE INTERESSERT!»

BETINA:
«Å?»

ALBERTINE:
Og då ser han heilt perpleks ut, ryggar litt bakover, meir eller mindre samstundes som bussen kjem. Og eg, eg bukserer kommoden inn på bussen, der han også går inn, litt lenger bak. Og eg er varm og stressa og raud i ansiktet, og så ringer Karen, som eg har flytta i kollektiv med, og spør korleis det går, og då berre klynkar eg kan du møte meg på busstoppet, og det kan ho, så kjem ho oppover mot busstoppet då eg går av og han også går av, og eg går nedover med kommoden, og han luntar etter, og eg har sikkert det blikket, og seier med sånn skingrande glad stemme

«HEI SÅ FINT DU KUNNE KOME OG HJELPE MEG MED KOMMODEN!»

GEMMA:
Stakk han då, eller?

ALBERTINE:
Då går han forbi, og då han går rundt svingen, så er det som om all krafta renn ut av meg – «eg må setje ned kommoden litt

Og så byrjar eg berre å grine.

Og ho, venninna mi, ho heldt rundt meg, og eg trur ikkje ho ante kva som hadde skjedd, men det var det som ho ikkje heller trong. Ho berre heldt rundt meg.

(…)